Auka utgifter, kutt i skattane og rekordoverføringar fra Oljefondet. Dette kan ikkje gå bra i lengden

Auka utgifter, kutt i skattane og rekordoverføringar fra Oljefondet. Dette kan ikkje gå bra i lengden

Skal vi kunna oppretthalda velferdssamfunnet vårt må vi betala skatt. Det er velferdssamfunnet som har gjort at vi saman med dei andre nordiske landa vert kåra til eit av dei landa i verda som er best å bu i. Alle dei nordiske landa er gode velferdssamfunn med ei sterk fagrørsle.

Frp og Høgre har kutta skattane og dekka det inn med overføringar frå barna våre.

Dagens regjering har i mangel av skatteinntekter auka overføringane frå oljefondet. Eg forstår ikkje med min beste vilje korleis det heile skal gå i hop dersom vi skal fortsetja slik som Frp og Høgre gjer ved å lova nye skattekutt ved kvar  einaste korsvei. Fondet er no om lag 6800 milliardar justert for svak krone.  No er situasjonen den at vi tar meir ut av oljefondet enn det vi puttar inn.

For Høgre og Frp som eigentlig ønskjer å privatisera mykje av det staten og kommunane driv med, kan det sikkert væra greitt. Ein dag vil dei berre sei kunna sei «vi legg ned den tenesta eller avviklar den ytinga, du skal få skattekutt, så kjøper du det sjølv i marknaden. Frp har i sitt program gått så langt at dei skriv: Hovedmålet er sterk nedsettelse av skatter, avgifter og offentlige inngrep. Så ein måte å nå hovudmålet på, er å bruka mykje pengar. Då må offentlige oppgåver og ytingar fjernast og Frp nærmar seg hovedmålet sitt i politikken.

Arbeiderpartiet er imot svelteforing av offentlig sektor.

Arbeiderpartiet er usamd med denne politikken. Høgre/Frp har så langt gitt 21 milliardar i skattekutt. Dei aller rikaste i landet har fått desidert mest. Dette aukar ulikheitene mellom folk. Arbeiderpartiet har sagt vi vil trekkja 15 av desse inn igjen. Då på en slik måte at folk med inntekter rund 600.000 og lågare skal få mindre eller same skatt. Att for dette skal folk få ein betre skule med vekt på tidleg innsats, betre omsorg for eldre, og ikkje minst tryggleik for at vi har et oppegåande gratis helsevesen med dei beste medisinar den dagen du trenger det. Svelteforar vi det offentlige helsevesenet vil folk i stadig større grad kjøpa helsetjenester privat, og det offentlige gratis helsevesenet vårt forsvinn. Heile verda misunner oss vårt helsevesen. Ikkje la oss øydeleggja  det med at vi ikkje vil betale skatt.

Vi er av same grunnar også imot å ta bort formueskatten. No har alt regjeringa redusert den utan at det kan dokumenterast fleire arbeidsplassar. Dette har ført til tap for det offentlege på 4,8 milliarder. Bortfall vil føre til et ytterlegare tap for det offentlige på 13 milliardar. Av dette vil rundt 10 milliardar gå rett på kommuneøkonomien.

Vestlandet fortjener ei ny regjering som tar vanlige folk på alvor. Ikkje ei regjering som ber oss betale vår del av fellesskapet sine utgifter, medan dei rikaste skal sleppa.

Les Kai Eide i Aftenposten.  Skremt av USA

Stengt for kommentarer.