Tusen, tusen takk til alle som har støtta meg i valkampen.

Tusen, tusen takk til alle som har støtta meg i valkampen.

Valet er no over, og det ser ut til at det vert borgarleg fleirtall. I alle fall dersom Krf fortsatt gir si støtte til Listhaug og Høgre/Frp. Dersom Krf skulle skifta i perioden, vert situasjonen ein heilt anna og Frp/Høgre og Venstre vil koma i mindretall.

Arbeiderpartiet går 6 mandat tilbake, og framgangen til Senterpartiet og SV er ikkje nok til å sikra fleirtalet, sjølv om dei i høgste grad har gjort jobben sin. Det har vore spanande heilt til siste nikk.

Stortingsplassen min vart det ikkje noko av. Til det vart resultatet for dårleg. Men eg har fått vera med på ein fantastisk valkamp. Treft svært mykje folk og besøkt mange bedrifter. Eg er heilt sikker på at eg blir vara for fire stortingsrepresentantar og vil få møtt ein god del på storotinget, og det skal bli fint å kombinera med eit pensjonisttilvære.

Eg har spesielt vore opptatt av å arbeida for eit betre arbeidslivet, og ein god næringspolitikk. Og i valkampen har eg engasjert meg ein god del i samferdselsakene der eg synes min del (nordhordland) av landet har fått utrulig lite av vegmidlane.

No vil eg berre takka alle som har jobba for kandidaturet mitt, og for valseier for partiet. Først og fremst Arbeiderpartilaga i Nordhordland.  Dei har gjort ein fantastisk innsats og stått på både seint og tidleg. Ingen namn nemnd og ingen gløymt.  Takkar også Oljeindustriens Arbeidersamfunn . Fellesforbundet avdeling 5 i Bergen og Mosjøen Kjemiske Fagforening (Industri Energ) tekkar eg for støtta dei har gitt til drift av nettsida/bloggen min.  Også takk til alle dei som har bidrege som skribentar. Tusen, tusen takk alle saman.

Gratulerar også konkurrentane våre , med Høgre i spissen. Dei har stått på og løfta seg gjennom valkampen. Gratulerar til Torill Eidsheim. Då har vi i alle fall ein Stortingsrepresentant frå Nordhordland i familien.

Stengt for kommentarer.