Ta eit oppgjer med “Gratispassasjerer” – ikkje støtt dei!

Ta eit oppgjer med “Gratispassasjerer” – ikkje støtt dei!

Når regjeringa skriv i sin regjeringsplattform at dei “anerkjenner at mange arbeidstakar vel å være uorganisert” er det eit indirekte angrep på fagrørsla. Retten til å organisera seg har i motsetning av retten til å vera uorganisert – ikkje kome av seg sjølv. Nokon har gått føre og ploga veg!

Populisme svekker den norske modellen

Dersom nokon av politikarene eller strategane i regjeringsapparatet trur dei gjer det enklare for seg sjølve å byggja Noreg ved svakare organisering i arbeidslivet, blir det om lag som om å tru ein kan byggja større og sterkare bygg på mindre og svakare grunnmur.

Formuleringar om retten til å ikkje organisera seg – har omlag lika mykje å gjera i ei regjeringserklæring som formuleringar om retten til ikkje å eta taco fredagskvelden.

Kva det burde stått formuleringar om, er retten til å organisera seg: Og ikkje minst kva regjeringa vil gjera for å styrka det organiserte arbeidslivet.

Ufriviljuge uorganiserte 

Fagrørsla har kjempa fram retten til å organisera seg både her i landet og internasjonalt. Mange stader i verda er det framleis ikkje lov å organisera seg. Ein tariffavtale og ein arbeidsrett som regulerer arbeidslivet og balanserer makta mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar, er berre ein  fjern draum for titals millionar av ufriviljug uorganiserte arbeidstakarar rundt om i verda.

Regjeringa som endeleg har oppretta stillinga som, bistandsminister igjen, burde ha vore meir opptekne av alle desse sine rettar til tryggare og meir rettferdige arbeidsplassar enn retten til å væra “gratispassasjer” i den norske modellen.

Eg trur til dømes ikkje den fattige uorganiserte tekstilarbeidaren i India, eller barnearbeideran i Burma – er særleg opptekne  av retten sin til å vera uorganisert. Eg trur dei ville ha strekt seg langt for å få dei rettane som fagrørsla har kjempa fram her i landet.

Uorganiserte bidreg ikkje til eit ryddig arbeidsliv – tvert om!

  • Arbeidsmiljølova vart ikkje pressa fram av uorganiserte.
  • Tariffavtalar blir ikkje etablert av eller forhandla av uorganiserte.
  • Interessene vi arbeidstakarar har felles kan ikkje forsvarast av uorganiserte.
  • Dei uorganiserte pressar ikkje fram trygdeordningar, pensjonar, arbeidstidsordningar, forsikringsordningar eller andre viktige ordningar vi treng for å leva gode  liv.
  • Dei uorganiserte bidreg heller ikkje til rettferdig fordeling.
  • Sosial dumping undergrev det organiserte arbeidslivet, men nemnes ikkje med eit ord i regjeringsarklæringa.

Ein spade er ein spade – og ein “gratispassasjer” er ein “gratispassasjer”

Retten til å vera uorganisert er ein rett mange gratispassasjerar har nytt godt av i alle år. Nytt godt av, fordi det er eit fellesskap som har kjempa fram løna, arbeidstida, ja nær sagt det meste av dei arbeidsvilkåra alle i dag nyt godt av på lovlydige norske arbeidsplassar. Difor stussar eg ikkje eit sekund med å kalle dei som brukar seg av retten til å vera uorganisert for “gratispassasjerar”. At dei har rett til det er ei sak. At dei sjølve vil vera “gratispassasjerar” er ei anna sak! Sterk grad av organisering i arbeidslivet er sjølve grunnmuren i den samarbeidsmodellen regjeringa sjølv nyt godt av kvar einaste dag, og i dei aller fleste vedtaka dei fattar.

Auk skattefrådraget for fagforeiningskontingenten

Det regjeringa difor burde ha vore meir opptekne av, er korleis dei kan stimulera til auka oppslutning om både arbeidsgjevar- og arbeidstakarorganisasjonane. Blant anna bør regjeringa auka skattefrådraget slik at dei organiserte kan trekka frå heile fagforeiningskontingenten. Dei bør også arbeide for at vi får på plass ei god AFP ordning også for dei komande generasjonar.

Utviklinga i feil retning

Oppslutninga om fagrørsla har gått attende i heile perioden etter 1981. For første gong i det moderne Noreg er det fleire uorganiserte enn det er organiserte arbeidstakarar. Den norske modellens styrke krev fleire – ikkje færre organiserte.

Med ei slik utvikling er det nesten ikkje til å tru at vi har fått ei regjering som virkar meir opptekne av retten til å vera uorganisert enn av å byggja opp under det organiserte arbeidslivet.

 

Kriser i arbeidslivet har påverka ytterlegare negativt

Låg organisasjonsgrad trugar stabiliteten i den norske modellen. Biletet blir forsterka av at det er enno lågare organisasjonsgrad i privat sektor ettersom graden av organiserte er langt høgare i offentlig sektor. Finanskrisa og krisa på Vestlandet etter dei lave oljeprisane dei siste åra, har ført til at om lag 150 000 arbeidsplassar har forsvunne i dei private næringane der ein tradisjonelt har hatt høgare organisasjonsgrad. Det har gjort biletet enno meir dystert når det gjeld graden av organiserte i privat sektor.

LO skal snu utviklinga uansett!

Det er ikkje til å stikka under ein stol at blant anna LO har møtt utfordringar når det kjem til organisering i områder vi tidligare har stått svakt.

Det skal det bli ein slutt på – med eller utan stimuli frå regjeringa!

LO satsar allereie tungt innan handel- og service sektoren, og har gåande eit eige prosjekt saman med LO-forbunda som har gode tilbod til dei tilsette i desse næringane. Samstundes kan ein ikkje leggja heile rekrutteringsarbeidet på skuldrene til eit prosjekt. Det er viktig at vi alle snakkar med dei vi omgår i kvardagen om betydinga av å vera organisert. Og det hadde sjølvsagt vore til hjelp om vi hadde hatt ei regjering som snakka fram fagorganisering til fordel for langsiktig stabilitet i arbeidslivet. I staden for ein kortsiktig populistisk tilnærming der dei frir til dei uorganiserte gratispassasjerane vi har om bord.

Det organiserte arbeidslivet er det beste arbeidslivet

Når regjeringa synes meir opptekne av retten til å vere uorganisert – skal vi svara med å få folk til å bruka retten sin til å organisera seg. Eit godt organisert arbeidsliv viser seg gong på gong å vera effektivt, moderne og rettferdig.

Det uorganiserte arbeidslivet er det mange døme på rundt om i verda, men det er ingen gode døme!

2 kommentarer til «Ta eit oppgjer med “Gratispassasjerer” – ikkje støtt dei!»

  1. Kanskje det ville hjelpe på organisasjonsprosenten om LO avviklar sitt ekteskap med AP? Idag er det vel klart at “arbeidsfolk” finn seg tilrette i alle politiske parti. Unaturleg at LO skal finansiere valkampen for eit parti som representerer 20% av velgarane.

    1. 40 prosent av lo medlemmer røysta AP no ved valet. På meiningsmålingane låg Ap i LO på rundt 60 prosent

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *