Vestlandet. Kva har Erna Solberg levert?

Vestlandet. Kva har Erna Solberg levert?

Dette innlegget har tidligare stått i lokalavisene.

Torill Eidsheim ønskjer at me skal halda på statsministeren som kjenner oss best her vest. Det kjem vel ikkje som ei overrasking at eg ikkje på nokon måte er samd med Torill Eidsheim i dette. Eg spør meg sjølv kva Erna Solberg har levert for Vestlandet i den perioden dei blå-blå har regjert.

Eit sentralisert samfunn

Svaret må vera eit meir sentralisert samfunn der NAV vert meir og meir utilgjengeleg for vanlege folk og ei politireform som gjer at politiet i Nordhordland no skal styrast økonomisk frå Voss, med dei negative konsekvensane dette kan få for polititenestene i distriktet.

Alle ordførarane i Nordhordland og Gulen, enten dei er blå, gule, grøne eller raude, protesterte kraftig på dette, men til inga nytte.

Regjeringa har bestemt at makta skal sentraliserast og kallar det ei effektivisering av offentleg sektor. Viss det er effektivisering av offentleg sektor dei held på med, kvifor har då talet på statlege byråkratar i hovudstaden auka så ekstremt kraftig dei siste fire åra?

Ikkje gløymt av Stoltenberg

Under den raudgrøne regjeringa vart det gjennomført fleire store bygge- og industriprosjekt på Vestlandet, mellom anna vart testsenteret på Mongstad bygd, eit testsenter som får stor internasjonal merksemd og som bidrog til at norske Aker kunne utvikla teknologi for fangst av CO2.

Vestlandet var slett ikkje gløymt av Stoltenberg, men vart satsa på. Kva industriprosjekt har denne regjeringa gjennomført på Vestlandet?

Vegprosjekt kan ryka

Statsministeren stod for nokre månader sidan på Arna stasjon og lova oss tidenes satsing på samferdsel i Hordaland.

På eit valmøte i Bergen hevda ho at hordalendingane bør jubla over alle samferdselsprosjekta regjeringa skal gjennomføra i fylket. No kjem det rapport om at det er høgst usikkert om alle nye vegprosjekt i Nasjonal transportplan (NTP) kan bli realisert i neste planperiode.

Oslo Economics hevdar at norske vegprosjekt i snitt vert 40% dyrare enn planlagt. Dette gjer at det er ein stor og reell fare for at prestisjeprosjektet Hordfast på E39(Ådland – Svegatjørn) kan ryka, men også mindre prosjekt som E39 Vågsbotn-Klauvaneset risikerer ein vert utsett.

Det same vil truleg skje med fleire prosjekt på E134. Ifølgje Oslo Economics er det 15 vegprosjekt som står i fare for å verta skjøve ut i neste planperiode, altså til etter 2029, og då snakkar me om oppstart av prosjekta ikkje ferdigstilling.

Det ser med andre ord ut til at lufta er i ferd med å gå ut av regjeringa sin samferdselsballong alt før dei har fått blåst han skikkeleg opp.

Det er meiningslaust om ikkje Sverdrup-olja vert raffinert på Mongstad – artikkel av Per Lerøy.

Stengt for kommentarer.