Per Lerøy peikar på store muligheiter for industrivekst i Nordhordland, men det kjem ikkje av seg sjølv.

Per Lerøy peikar på store muligheiter for industrivekst i Nordhordland, men det kjem ikkje av seg sjølv.

Per Lerøy, ordføraren i Austrheim, har skrive dette innlegget til lokalavisene i Nordhordland. Han peikar på muligheitene for industrivekst i Nordhordland,  men og på at vi må sloss for det om det skal bli slik. I samband med utbygginga av Johan Sverdrup feltet og bygging av den nye kraftlinja frå Modalen til Kollsnes meiner han politikarane må få til ny industrireising og næringsutvikling på Mongstad og i Bergensregionen. Her er innlegget frå Lerøy:

Det er meiningslaust om ikkje Sverdrup-olja  vert raffinert på Mongstad

Det er meiningslaust at Johan Sverdrup-olja som skal førast i land på Mongstad, ikkje skal raffinerast der. Ein kan meina kva ein vil om fossilt drivstoff, men når me først har bestemt at Johan Sverdrup olja skal utvinnast, må me leggja til rette for at dette råstoffet vert foredla til ferdige produkt i vårt eige raffineri og dermed sikrar norske arbeidsplassar og verdiskaping.

Mongstad raffineriet må oppgraderast og det må byggjast Hydrogenfabrikk

Me må jobba for at raffineriet vert oppgradert og at det vert etablert ein hydrogenfabrikk på Mongstad, ein fabrikk som både kan forsyna det oppgraderte raffineriet med hydrogen og vera ein leverandør av miljøvenleg energi til transportsektoren og andre brukarar. Greenstat har tankar om korleis ein slik hydrogenfabrikk kan etablerast og ønskjer å samarbeida med industrielle aktørar for å få til kostnadseffektiv produksjon. Ein hydrogenfabrikk på Mongstad vil bruka mykje elektrisk kraft og eit oppgradert og utvida raffineri vil ha bruk for store mengder damp og varme.

Stenginga av kraftvarmeverket på Mongstad må stoppast

Dette gjer at stenginga av kraftvarmeverket på Mongstad må stoppast og at ein heller må satsa på full drift av kraftvarmeverket i framtida. Full drift av kraftvarmeverket må kombinerast med fullskala CO2-reinsing og lagring i dei kjende reservoara våre i Nordsjøen. Anlegget på Mongstad og røyrleidningen frå Mongstad til reservoara i Nordsjøen må dimensjonerast slik at det også kan ta imot fanga CO2 frå andre verksemder i Norge og Europa. Ekspertar hevdar at fangst og lagring av CO2 på verdsbasis vil utgjere minst 30 % av den endelege løysinga for å nå 2-gradersmålet innan 2050. Dette gjer at mottak av fanga CO2 på Mongstad kan bli eit interessant og miljøvenleg forretningskonsept om nokre år.

Straumen vår må nyttast til å skapa nye verksemder

Den nye kraftlinja frå Modalen via Masfjorden og Mongstad til Kollsnes, gir store moglegheiter til å etablera nye verksemder. I dag er det dessverre fleire som ivrar for at me skal eksportera overskotskrafta vår og at Norge skal fungera som eit batteri for Europa. Me meiner at me kan hjelpa Europa betre ved å nytta overskotsenergien vår lokalt til å skapa nye arbeidsplassar. I staden for å byggja kostbare kablar for overføring av elektrisk kraft til utlandet, bør me investera i store fiberoptiske kablar frå kontinentet til Vestlandet slik BKK og Lyse har tankar om.

Lagring av data krev store mengder straum som vi bør satsa på

I dag krev lagring av elektroniske data frå mobiltelefonar og datamaskiner meir enn 11 % av verdas totale produksjon av elektrisk kraft, og forbruket av energi til dette formålet er sterkt stigande. I staden for å eksportera elektrisk kraft med dei store effekttapa dette inneber, må det vera langt betre å importera data frå kontinentet for lagring i Norge. Overføring av optiske signal gir nesten ikkje effekttap. Å bruka kortreist kraft til slik lagring er mykje meir miljøvenleg enn å eksportera den elektriske krafta vår. I tillegg vil slik lagring gje moglegheiter for å etablera nye og moderne arbeidsplassar i distrikta. Det har sanneleg distrikta fortent, etter å ha levert miljøvenleg elektrisk kraft til storsamfunnet i meir enn hundre år.

Realisering krev kompetente politikarar

Skal me få realisera den industrielle satsinga eg har skissert over, treng me kompetente og handlekraftige politikarar på Stortinget, og dette har Nordhordland i Leif Sande. Han kjenner distriktet og energisektoren betre enn dei fleste.

Les dette av Leif Sande: Frekk Ove Tellevik. Kor vil du ha hydrogenfabrikk og landanlegg for CO2-deponi?

Les dette av høgremannen Ove Trellevik: Hydrogen og Co2-lagring kan bli viktig i industripolitikken

Stengt for kommentarer.