Frekk Ove Tellevik. Kor vil du ha hydrogenfabrikk og landanlegg for CO2-deponi?

Frekk Ove Tellevik. Kor vil du ha hydrogenfabrikk og landanlegg for CO2-deponi?

Dette er et svar på Ove Tellevik sitt innlegg i Avisa Nordhordland, les det her.

Det er ganske frekke påstandar Ove Trellevik, stortingsrepresentant frå Høgre, kjem med i Nordhordland i på lørdag. Påstandane er mellom anna retta mot meg. Eg har skrive eit innlegg i Nordhordland om at eg vil ha ein hydrogenfabrikk på Mongstad, og eit om at landanlegget for deponering av CO2 under havet må leggjast i aksen Mongstad – Kolsnes.

Difor må Mongstad bli verdsleiande innan produksjon av hydrogen.

Har jobba 40 år med industripolitikk

Han svarer med at det er eit slag i lause lufta,  og at eg ikkje forstår industripolitikk. Eg har jobba med industripolitikk dei siste 40 åra, vore tett på dei store industrielle endringane som har skjedd, stått på barrikadane for industriutvikling enten det har vore Arbeiderpartistyre eller Frp/Høgre eller andre styrer, og samarbeida tett med dei store arbeidsgivarsamanslutningane og bedriftene i Norge om dette.

Eg synes påstandane er ganske frekke.

Essensen i innlegget hans er at mine og Arbeiderpartiets tankar er gode, men det er ikkje nødvendig for oss å tenkja dei, for dei har Høgre allereie tenkt for oss. Noko arrogant vil eg sei.

Arbeiderpartiet ønskjer ein hydrogenstrategi

Vi fremja like før ferien eit forslag i Stortinget om utvikling av ein hydrogenstrategi. Her fekk vi med oss fleirtalet, medan Frp og Høgre gjekk imot.

Reinertsen utviklar no eit hydrogenanlegg for Statoil ved Tjeldbergodden. Mitt mål er at når denne industrien vert utvikla skal det skje også her. Mongstad er det klart største petroleumsteknologiske senteret i Noreg, og eg ønskjer å pressa konklusjonane som kjem til å bli bra for oss som bur her Nord i Hordaland

Det må bli fart i arbeidet med CO2 fangst og lagring. Når det gjeld karbonfangst- og lagring er det slik at H/FrP-regjeringa vidarefører Stoltenberg-regjeringa sin politikk for karbonfangst og lagring. Det er bra, sjølv om vi ønskjer meir kraft i arbeidet.

Men der kor Høgre ønskjer å la marknaden rå og la forskinga gå kor den går, ønskjer AP ei strategisk satsing på både karbonfangst og lagring og muligheitene for hydrogenproduksjon. Industripolitikk handlar om vilje til å visa retning og til å satsa på dei muligheitene vi ser.

Vi i Arbeiderpartiet syns det går tregt og meiner det kunne vore gjort mykje meir når det gjeldt CO2 deponering. Dette har vi snakka om i 20 år, og det er avgjerande om vi skal kunna nå klimamåla våre. Vi vil ha ei heilt anna satsing, og det ønskjer vi å visa ved at vi i årets budsjett foreslo å auka budsjettet for utvikling av deponi med 150 millionar meir enn det regjeringa ville.

Høgre sine argument gjer stillstand

Dette står i motsetning til det Høgre og Trellevik gjer når dei argumenterer for det positive med ei slik utvikling, men vektlegg dei argumenta som vil gje stillstand. Ein kan ikkje halda fram slik om ein skal få til noko.

Det går heller ikkje fram av Trellevik sitt innlegg kvar han vil ha desse anlegga ut over det han seier om Mongstad. For meg er det viktig å jobba for å få denne aktiviteten til dei områda eg representerer.

Eg vil ha industri til området, og då gjeldt det å handla før me enno ein gong hamnar i bakleksa.

Stengt for kommentarer.