Difor må Mongstad bli verdsleiande innan produksjon av hydrogen.

Difor må Mongstad bli verdsleiande innan produksjon av hydrogen.

Dette har også stått i Nordhordland papiravis.

Sjå innlegget på Nordhordland.no

Eit fleirtall i næringskomiteen på Stortinget har gått inn for at det skal utarbeidast ein industristrategi for hydrogen. Fleirtalet støttar forslaget om dette frå Arbeiderpartiet, og kjører dermed over regjeringa som er imot forslaget. Forslaget vart behandla av Stortinget på torsdag førre veke og vedteke mot Høyre og Frp sine stemmer.

Bygg hydrogenfabrikk på Mongstad

Eg meiner det må byggast ein Hydrogenfabrikk på Mongstad basert på gass. Om nokre år ikkje så langt framme, vil hydrogen overta som drivstoff i bilparken og då må vi være klar til å nå kunne væra med på denne . Sjølv om vi i Norge kanskje også i fremtida vil satse på EL i bilparken fremfor Hydrogen, vil de fleste land truleg satsa på det siste.

Ein slik fabrikk i fullskala vil minst medføre 10 milliarder i invieteringar og gi fleire hundre arbeidsplassar i driftsfasen.

Hydrogen basert på gass vert billigast

Hydrogen til dette formålet må lagas av gass. Dette vil gi omlag 1/6 av prisen i forhold til om den vert laga av vatn.  Teknologien som vært nytta medfører at gassen vert reinsa før den vert brend, då motsetning til rensing av røykgass, Det er denne siste teknologien som er under utvikling på Mongstad i dag hjå TCM. Reinertsen har et prosjekt på gang på Tjeldbergodden for Statoil kor teknologien er i ferd med å utviklas vidare. Mongstad/Kolsnes er ideelt for utbygging av en HUB for deponering av CO2 ute i havgrunnen.

Mongstad er den framste petroleumsklynga

Mongstad har også det desidert framste petroleumsteknologiske senteret i Norge. Testanlegget for CO2 rensing av røykgass ligger også der. Et hydrogenproduksjonsanlegg vil difor føya seg inn i den etablerte industriklynga.

Mongstad har i dag langt større føresetningar enn dei aller fleste stadar til å bli verdsleiande innan dette feltet.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *