Dårlig distriktspolitikk når skatten på verk og bruk blir fjerna. Kommunane taper og Staten tar pengane.

Dårlig distriktspolitikk når skatten på verk og bruk blir fjerna. Kommunane taper og Staten tar pengane.

NRK skriv at Lindås kommune kan mista inntekter tilsvarande 100 sjukeheimsplassar med Regjeringa sitt forslag om å ta bort eigedomsskatten for verk og bruk. Så vidt eg forstår betyr dette tap for Lindås på ca. 150. millionar kroner. Også andre industrikommunar lir store tap. Og spesielt kommunane i det nye Vestlandsfylket får reduserte skatteinntekter. Totalt taper norske industrikommunar 1 milliard kroner på forslaget.

Gir store overføringar frå distrikta til Staten

Detter er uhorveleg mykje pengar som må dekkjast inn på annan måte. Enten ved å skjera ned på tenestetilbodet eller ved å auka skattane for andre i kommunane.

Store aktørar som Statoil og Hydro kjem betre ut. Det same gjer Staten i og med det ikkje lenger er  nokon betalt eigedomsskatt som selskapa kan nytta til å redusera overskota i selskapa med.

Storindustriens konkurranseevne skal betrast

Bakgrunnen er at storindustriens konkurransesituasjonen overfor utlandet blir betra ved at skattebelastningen på industrien vert lågare.

Dette er vel og bra. Men i  realiteten er dette og å føra midlar frå distrikta til sentrale strøk. Statoil for eksempel vil i stor grad unngå å betale eigedomsskatt i Nordhordland, men vil måtta betala meir enn idag til staten. Og stader som Bergen og Stavanger kan fortsatt krevja at selskapet skal betale eigedomsskatt, blant anna på store verdier i kontorbygg. Desse verdiane tippar eg er større enn den taksen Statoil betaler av på Mongstad.

Urimeleg at eit selskap ikkje skal betala skatt der verdiskapinga skjer

Det er heilt urimeleg at eit selskap ikkje skal betal skatt der verdiskapinga skjer, men kun til dei sentrale strøk av landet. Per idag er eigedomsskatten den einaste måten å sikra at lokalsamfunnet får skatteinntekter frå storindustrien. Den betaler heller ikkje formueskatt då dei færraste av eigarane bur i distriktskommunane.

Ei reform som burde vore meir bearbeida.

Skal ein først gjera ei reform på dette området burde den ha vore meir bearbeida.  Skal myndigheitene gjera noko med eigedomsskatten på verk og bruk for å bli meir attraktive for storindustrien skulle dei ha sett på måtar å kompensere dette på. Ein kunne for eksempel kompensert ved å la selskapa som Statoil og Hydro få redusert utligna skatt med tilsvarande beløp som det dei har betal på verk og bruk, og ikke berre få redusert skattegrunnlaget slik som idag.  Då ville inntektene til kommunane vore som idag, medan staten sine inntekter hadde gått ned. Ein kunne til å med laga opplegg der ein gjekk i forhandlingar med kommunane om kompensasjon. Å berre fjerna den gjennom ein nedtrappingsplan vert heilt feil.

Frp som gjennomfører denne reforma let att augene for problema inntektsbortfallet medfører.

Så kan ein sei som nestleiar i finanskomiteen Helge Andre Njåstad seier til NRK at det er på høg tid å fjerne skatten på verk og bruk, og minner oss på at det store fleirtalet av kommunar ikkje har denne skatten.

Det er mange skatteobjekt som fins i nokre kommunar, men ikkje finst i alle. Men det er jo ingen grunn til at dei ikkje lenger skal være skatteobjekt.

I praksis betyr denne løysinga at det vert folket i kommunane som vert råka som må betala dette. Njåstad seier til NRK at:

– Frp er imot ein slik lettvint løysing. Det er mykje betre å drive ein kommune utan eigedomsskatt. Då gjer ein seg attraktiv for næringslivet, fleire folk flyttar til kommunen, og ein aukar skatteinntektene, seier Njåstad.

Dessverre er det akkurat det motsatt som vil skje. Inntektene vil bli kompensert med andre inntekter betalt av folket i dei aktuelle kommunane. Skal Lindåsingane kompensera eit bortfall på 150 millioner kroner tilsvarar det omlag 11.000 kroner i gjennomsnitt per innbyggar over 19 å. Dette må takst frå innbyggarar og næringsliv generelt. Det betyr høgare skattar og det gjer det mindre attraktivt å flytta til kommunen. Alternativet er nedskjæringspolitikk.  Den gjer det heller ikkje attraktivt å flytta til kommunen.

Dette er eit forslag som bør avisas eller utsetjast . Eit lovutval som er foreslått frå kommunane hadde vore på sin plass. 

Kjelde NRK:  Åtte oljekommunar tapar 313 millionar kroner på fjerning av «maskinskatten»

Kjelde NRKIndustrikommunar fryktar dramatiske skattekutt

Stengt for kommentarer.