EØS-avtalen er viktig. Regjeringen gjør ikke nok for å hindre at den undergraves av sosial dumping.

EØS-avtalen er viktig. Regjeringen gjør ikke nok for å hindre at den undergraves av sosial dumping.

Få ting er viktigare for Noreg enn samarbeidet med Europa. EØS-avtalen er berebjelken i dette samarbeidet. Avtalen kom i stand etter krav frå eit samrøystes storting og ein samrøystes fagbevegelse. Alle var ikkje einig i resultatet. Men kravet var samrøystes, for alle såg at me ikkje kunne leva vidare med den handelsavtalen me hadde, som utsette industrien vår for stadige klagemål mot dumping.

Innan arbeidslivet har dette samarbeidet – mellom 31 europeiske land – gjeve oss mange nyvinningar. Som arbeids- og sosialministeren peikte på i innlegget sitt, gjeld det reglane for verksemdsoverdraging – som revolusjonerte det norske arbeidslivet – krav til skriftlege arbeidsavtalar, reglar for masseoppseiingar og styrking av retten til informasjon og konsultasjon. Og– vil eg leggja til sjølv – betre reglar for likestilling, same rett for vikarar som for fast tilsette i innleigebedrifta og ikkje minst retten til konsernfagleg samarbeid mellom tillitsvalde over landegrensene, for å peika på nokre viktige reglar. Og ikkje éin dag etter at me fekk EØS-avtalen, har me hatt høgare arbeidsløyse enn me hadde før EØS-avtalen.

Statsråden peikte òg på den felles arbeidsmarknaden i Europa. Eg meiner at dette er noko av det viktigaste med EØS-avtalen. Det skal ikkje vera vanskelegare å flytta frå Oslo til Paris for å ta seg ein jobb enn det skal vera å flytta frå Oslo til Bergen. Men for å få dette til må me ha eit knirkefritt regelverk. Me krev like reglar og lik løn, men dette tek tid. I mellomtida må me sørgja for at oppslutninga om avtalen vert halden ved lag.

Lønningane i Polen aukar sterkare enn dei gjer i Noreg. Det er bra, for det utliknar forskjellar. Men det er ikkje bra at polakkar kjem hit og fortrengjer nordmenn fordi dei kan jobba for ei lågare løn enn vi. Det er sosial dumping. Ingenting er meir øydeleggjande – med tanke på forholdet vårt til EU – enn at arbeidstakarar stadig vekk opplever at fleire hamnar på minstelønssatsane.

Spør ein britane som røysta for å forlata EU, om kvifor dei røysta som dei gjorde, svarar ca. 40 pst. at den viktigaste grunnen var å få kontroll over innvandringa. 30 pst. sa at for dei var det den nest viktigaste grunnen. 70 pst. sa altså at den viktigaste eller den nest viktigaste grunnen til at dei røysta nei til EU, var innvandringa frå EU. No trur ikkje eg at det er gjeve at britane melder seg ut av EU. Det er eit stort krav om ei ny folkerøysting, og det skulle ikkje forundra meg om ja til å verta i EU vart resultatet.

Med det aktivitetsnivået me har hatt i Noreg, har me hatt behov for arbeidsinnvandring – og me vil ha behov for arbeidsinnvandring framover. Då er det viktig at me demmer opp for sosial dumping, for om me ikkje klarar det, vert kampen mot sosial dumping snart synonymt med motstanden mot EØS. Det er samfunnet ikkje tent med.

Noko har me gjort i den seinare tida. Innskjerpinga i arbeidsmiljøloven, med krav om faste stillingar, er viktig. Fjerninga av nulltimarskontrakten er viktig. Begge endringane kjem frå 1. januar.  Motsett var det då tariffnemnda mot LOs røyster fjerna allmenngjeringsavgjerdsla om retten til betalte heimreiser for utstasjonerte arbeidstakarar i verftsindustrien.

Dagens ordning stod seg godt, med bakgrunn i Høgsteretts tolking av EFTA-domstolens uttale. At ESA er ueinig, endrar ikkje dette. ESA er verken eit EU-organ eller ein domstol. På alle desse områda synest eg regjeringa har vore for tafatt.

For ytterlegare å skjerpa kampen mot sosial dumping har EU vedteke eit revidert utstasjoneringsdirektiv. Dette vert presentert som lik løn for likt arbeid på same sted. Her må regjeringa hiva seg rundt og snarast erstatta arbeidet med implementering i det norske lovverket, slik at avgjerda kan vera i funksjon så tidleg som mogleg og reglane tillèt det. Betre kontroll og sanksjonar er kanskje det  viktigaste. Dette vert òg etterlyst av EU. I det nye utstasjoneringsdirektivet er det formulert slik:

Sanksjonene skal være effektive, stå i rimelig forhold til overtredelsen og ha avskrekkende virkning.

Om me ser på Arbeidstilsynets tilsynsrapportar, kan me i høgste grad stilla spørsmål om me har kraftige nok sanksjonar, om dei er tilstrekkeleg avskrekkande. Eg trur me kunne ha spart mykje pengar om me hadde hatt kraftigare sanksjonsmoglegheiter. Arbeidstilsynets moglegheiter til å bøteleggja er for byråkratiske og putlete og burde ha vore utvikla.

Kontroll må det vera. Difor styrkjer Arbeidarpartiet i det alternative budsjettet sitt løyvingane til både Arbeidstilsynet og a-krimsentera – og me vil ha fleire av dei.

Stengt for kommentarer.