Ubåten utanfor Fedje ( U-864 ). Er det teknisk mogleg og tryggleiken god nok, så må kvikksølvet opp.

Innlegg frå Stortinget der eg tok opp spørsmålet om heving av kvikksølvlasta i U-864

No er det 73 år sidan U-864 vart torpedert utanfor Fedje. Det var heilt i slutten av krigen. 73 menneske omkom. Ubåten ligg i dag på 150 meters djup.

Kan gå ut over fiskeeksporten

Over 80 tonn kvikksølv ligg framleis om bord i båten. Ubåten ligg midt i leia og er i dag utsett for havstraumar. Den utgjer ein betydeleg risiko for havmiljø, noko som kan vera skadeleg bl.a. for Noreg som fiskeeksportør. Eit dårleg rykte her vil ramma heile næringa, og fiskeeksporten vår nærmar seg no 100 mrd. kr i årlege eksportinntekter. Det skal ikkje så mykje negativ omtale til før dette kan kosta oss dyrt.

Bli med i Facebookgruppen Ja til EØS

Ekspertisen har ulike syn på heving av U-864

Dei fleste partia har gått for heving – og dei fleste partia har ombestemt seg. Problemet er når ekspertisen kjem med ulike råd. Kystverket har gått inn for tildekking av U-864 og ikkje heving. Samtidig er det fleire frittståande miljø som framhevar at kvikksølvet kan takast opp utan risiko og til ein langt lågare pris enn det som det så langt har vore snakk om.

Forslaget er ikkje godt nok

Eg registrerer at komiteen ber regjeringa vurdera om det er kome til ny informasjon eller ny teknologi som tilseier at hevinga av kvikksølv er miljømessig forsvarleg, før me gjennomfører det. Det er ein samla komité som står bak dette, også Arbeidarpartiet. Dette er eit betre forslag enn det regjeringa la fram, nemleg å bruka 30 mill. kr på å førebu ei tildekking av U-864

Men det er likevel ikkje godt nok. For det fyrste er det svært kritikkverdig at regjeringa etter å ha brukt millionar til konsulentar, enno ikkje har klart å levera eit objektivt vedtaksgrunnlag. Deretter meiner opposisjonen at ein må forsøkja å fjerna mest mogleg av lasten før ein startar med tildekking. Opposisjonen krev òg at den faglege usemja kjem opp i lyset i si fulle breidde, og at alle dei leiande fagmiljøa vert trekte inn for å få fram eit best mogleg vedtaksgrunnlag. Fyrst då kan me veta om me har eit grunnlag for å gjera det rette vedtaket.

Opposisjonen med eige forslag om fjerning av kvikksølv frå U-864

I eit forslag frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og SV krev me at regjeringa kjem tilbake til Stortinget med ei eiga sak om handtering av ubåten. Tildekking må ikkje skje før det sikkert viser seg at det ikkje er mogleg å henta opp kvikksølvet utan fare for helse og miljø.