Permittering: Regjeringa må læra seg forskjell på ei bedrift og ein bedriftsinvestor (eigar)

Permittering: Regjeringa må læra seg forskjell på ei bedrift og ein bedriftsinvestor (eigar)

Dette er eit litt endra innlegg i forhold til det eg heldt under budsjettdebatten på Arbeids- og sosialområdet  i Stortinget.

Regjeringa skryter av at dei består av  bedriftsvennlege parti. Det er heilt feil. Lettelsane som kjem til næringslivet til gode, kjem fyrst og fremst eigarane til gode og ikkje bedriftene. Det verkar ikkje som om regjeringa heilt har forstått forskjellen på dette. Det er grunnen til at  Norsk Industri og andre arbeidsgjevarorganisasjonar her vore ute og kritisert budsjettet.

Det vert satsa for lite på å få folk inn i arbeidslivet og på å gjera dei som er i arbeidslivet, meir kvalifiserte for framtida og derigjennom skapa betre bedrifter. Ein kompetent arbeidsstokk muliggjer flate strukturar der folk ikkje er bundne til ei oppgåve, men er fleirferdige. Det er dette som vert verdsett av utanlandske investorar som kjem til Noreg.

Arbeidarpartiet har difor i sitt alternative budsjett lagt til grunn ein langt sterkare vekst i arbeidsmarknadstiltak enn det regjeringa og Kristeleg Folkeparti har gjort. Og om dei er nøgde med sine tiltak, bør dei vera endå meir nøgde med våre.

I budsjettet føreslår regjeringa å reversera permitteringsperioden til 26 veker. Vidare vert det føreslått ein ny modell for utrekning av dagpengar, som gjev lågare ytingar. Oppå alt dette gav forhandlingar med Kristeleg Folkeparti som resultat at arbeidsgjevarperioden vart utvida frå
10 dagar til 15 dagar. Alle desse endringane vil gjera det mindre attraktivt for arbeidsgjevaren å bruka permittering i staden for å seia opp. Det vert kort og godt for dyrt.

For nokre dagar siden fekk eg eit brev frå leiarane i Leirvik AS, Kværner, Westcon, Advantec, Wärtsilä og Industriklynga i Sunnhordland, som skriv at føreseieleg permitteringsregelverk med vidareføring av dagens ordningar, er eitt av de viktigaste ramevilkåra industrien treng for å behalda konkurranseevna. Konsekvensane av at permittering reglane vert endra seier dei, kan få katastrofale følgjer for enkelte bedrifter, der valet vert å gå til oppseiing av kjernekompetanse, som igjen fører til at grunnlaget for framleis drift ikkje er til stades – katastrofale verknader.

Det er slike ting som er viktige for konkurranseevna. Nokre grunngjev reduksjon i permitteringsrettane med den såkalla innlåsingseffekten – at det vert feil når ein verdi for samfunnet, arbeidskrafta, vert låst til éin arbeidsgjevar samtidig som det kanskje er fleire som etterspør den same arbeidskrafta. Det er det liberalistiske synet.

Så har ein det sosialdemokratiske synet, som vektlegg samspelet mellom det offentlege og det private. Me lever i ei konjunkturutsett verd med opp- og nedturar. Kven som tener pengar, er ikkje bestemt aleine av skattar eller innsatsen i bedrifta, men like mykje av dei konjunkturane som me beveger oss i. Kan me få bedriftene ut av slike bølgjedalar betre rusta enn dei var før nedturen kom, hadde det vore ein stor gevinst for oss. Difor er det viktig med gode permitteringsordningar.

Me bør heller sjå kvar me kan gjera dei betre i staden for å svekkja dei, f.eks. med å gje større høve til kompetansepåfyll i permitteringsperiodar.

Høvet til  permittering folk er eit uttrykk for den nordiske trepartsmodellen på sitt beste. Bedrifter som møter ein forbigåande periode der inntekta vert redusert, får fritak frå lønnsplikta i denne perioden, og staten tek over. Dette gjer at dei tilsette kan oppretthalda eit forhold til arbeidsgjevaren med ei redusert, men rimeleg inntekt og har ein jobb å gå tilbake til når oppdraga kjem. For arbeidsgjevaren betyr det reduserte lønsutgifter samtidig som dei kan behalda alle verdiane som er investerte i verdifull og kompetent arbeidskraft.

Opplæringskostnadene i ei bedrift varierer. Innan f.eks. oljeboring kostar det om lag 900 000 kr å læra opp ein fagarbeidar, med fråtrekk av dei tilskota ein får frå staten. For regjeringa er dette tydelegvis underordna. For dei er det den liberalistiske tanken om at arbeidskrafta skal vera fritt tilgjengeleg utan bindingar til noko finansiert av det offentlege. Dei bryr seg ikkje om at arbeidsgjevarar kan ha behov for å sikra dei store investeringane dei har gjort i arbeidarane sine. Difor har det òg skjerpa kravet til å flytta dersom det er mogeleg å få seg jobb andre plassar.

Denne politikken er eit tap for lokalsamfunn, tap for familiar, tap for arbeidstakar og tap for arbeidsgjevarar. Og for staten kostar det det same om folk er permitterte eller får dagpengar. Det var òg denne politikken som gjorde at dei kom så seint på bana i samband med oljenedturen. Først i 2016 gjekk dei med på å utvida lengda på permitteringsperioden på 49 veker – og då etter trugsel om streik.

Under debatten i Stortinget brukte Statsråden som argument at YS Akademikerne og andre organisasjonar hadde støtta regjeringa sitt syn. Det var kun LO og NHO som gjekk for utvida rett til permitteringer.

Dette er ein tilsniking av statsråden. Under Oljenedturen var det for det meste LO sine medlemmer sine medlemmer som vart råka. Om det er 6 hovedorganisasjoner som meiner noko anna enn LO om permittering har det  ingenting med saka å gjer. LO representerer bort under 100 prosent av dei organiserte arbeidstakarane i frontfaget.

Abonner på nyhetsbrevet

Stengt for kommentarer.