Nasjonal vegplan er langt ifrå tilfredstillande for Nordhordland

Nasjonal vegplan er langt ifrå tilfredstillande for Nordhordland

Ser at dei to lokalavisene våre har svært ulik oppfatning av kva som vil skje med vegstrekninga frå Åsane til Klauvaneset (Norhordlandsbrua) framover. Medan Strilen manar til ro og støttar opp under jubelen i Høgre og hjå andre under tittelen «Ein pasning me må ta vare på», så seier Nordhordland «Kampen må fortsette» . Eg heiar utan tvil på den sistnemnde.

La meg sei det slik. Er den bodskapen Strilen forfektar representativ for Nordhordlendingen er det ikkje rart vi ikkje har fått vegstrekning på plass. Det nyttar ikkje å stå med hua i handa.

Det nemnte vegstykket har vore diskutert i fleire tiår og lite har skjedd. I transportplanen 2014 til 2023 som vart lagt fram av Stoltenberg-regjeringa vart det sagt at: «i Hordaland prioriteres også oppstart av byggingen av firefelts veg på E39 mellom Nyborg og Klauvaneset.»  Dette sto under overskrifta «Siste seksårsperiode» Og på kartet i vegplanen er det nemnd som «Veiprosjekt med oppstart i 2018 til 2023». Det vil sei vegen skulle begynnast på seinast i løpet av 2022. Og merk det står at vegprosjektet skal «prioriteres.» Det låg også inne 900 millioner kroner i siste periode. Kan faktisk ikkje sjå vi er heilt der med det som no vert lagt fram.

På tilsvarande kart i den nye vegplanen som vert lagt fram av Høgre og Frp er vegen no nemnd under vegprosjekt 2024 til 2029. Så vidt eg kan sjå er dette 6 år seinare (fire år seinare + 2 år med utvida planperiode), om det blir noko i det heile. Det som ein også bør merka seg at bygginga skal skje etter vegstrekninga Arna til Vågsbotn. Dette er meiningslaust. For det første er Arna til Vågsbotn av mykje betre standard en dagens veg om Hylkje, For det andre er det ein langt mindre trafikkert veg.  Denne strekninga har regjeringa satt av 11 milliardar til i perioden 2024 til 2029. Til vegen frå Åsane til Klauvaneset er tilsvarande beløp 0,3 milliardar. Det er ikkje vanskeleg å sjå kvar dei meiner alvor. Kan ikkje med min beste vilje forstår applausen for dette. Dette er den type midlar som Solvik Olsen i siste Debatten på TV kalla symbolmidlar som ofte vart satt inn i siste planperiode. 300 millionar i symbolmidlar gir meg ingenting. Og det er ingenting til å bygga veg for når me veit vegen er kostnadsrekna til 5,4 milliardar.

Det vert også hevda at det er satt av 300 millionar i oppstartsmidlar. Eg har søkt heile NTP og kan ikkje finna omgrepet oppstartsmidlar nemnt ein einaste gong i heile meldinga. Det står heller ikkje noko som helst om kva 300 millionar skal brukas til eller at vegen skal påbyrjast før 2029. Eg heller til at dette er reelle symbolmidlar slik Ketil Solvik Olsen uttrykte det.

I tillegg ser vi at regjeringa har teke ut vegstrekninga Eikjefet til Romarheim av planen. Denne hadde Arbeiderpartiet også sagt skulle byrjast på i perioden 2018 til 2023 og hadde sette av 1,33 milliardar kroner til vegen ssom noe er fjerna av Frp og Høgre.

At Nordhordlendingane vil vera fornøgd med dette trur eg ingenting på. Og om det er greitt for Høgre og Frp so er det ikkje greitt for meg.  Det må væra eit minstekrav at det vert sett av midlar til fullfinansiering av strekninga Åsane til Klauvaneset i andre del av perioden.  At prosjektet må komma før Arna til Vågsbotn og at Eikjefet til Romarheim må tilbake i NTP en.

Stengt for kommentarer.