Alle desse pengane treng han ikke. Fortjener dei, det gjer han heller ikkje.

Alle desse pengane treng han ikke. Fortjener dei, det gjer han heller ikkje.

Verda treng Demokratisk Sosialisme

 Jeff Bezos er verdas rikaste menneske. Om Bezos var ein eigen stat, ville han vore blant dei 60 rikaste statane i verda: Ikkje nok med det; han vil klatra på lista ytterlegare – år for år.
Bezos vert ubegripelig mykje rikare kvar einaste dag; om lag 2 milliardar kroner rikare kvar einaste dag seier dei som har fulgt utviklinga.

Gapet mellom verdas rikeste menneske – og folk med vanlege løningar, er sterkt aukande.

Forskjell mellom rikaste og fattigaste

Ikkje minst er skilnadene aukande i Bezos sitt eige heimland, USA. Der har ikkje tilsette i privat sektor hatt lønsauke på fleire tiår. Mange amerikanske arbeidarar har opplevd samanhengande reallønsreduksjon sida 1973.

Millionar har i tillegg mista jobbane sine som følgje av sentralisering og mangel på anstendig og solidarisk omstilling. Paradoksalt nok var det ein annan riking, eigedomspekulanten Donald Trump som tente på utviklinga og vanlege folk sin frustrasjon. Han ville neppe vunne presidentvalet om det ikkje var for at han kunne spela på frustrasjonen blant alle dei frustrerte som anten har opplevd sterk reallønsreduksjon, eller enno verre: Som har mista heile løna!
Verda treng ikke fleire leiarar som Trump. Leiarar som spelar på frustrasjon og framandfrykt.
Difor må vi visa både vilje og handlekraft for å sikra ei betre fordeling – både nasjonalt og globalt.

Olof Palme – ein demokratisk sosialist

Det er på tide å nytta demokratiet til å fremma demokratisk sosialisme – lokalt, nasjonalt og globalt!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *