Vestlandet, det nye oljefylket, kraftfylket, industrifylket, og fiskerifylket. Pass opp Oslo her kjem me.

Vestlandet, det nye oljefylket, kraftfylket, industrifylket, og fiskerifylket. Pass opp Oslo her kjem me.

Over natta går eg frå å væra nordhordlending til å verta midtvestlending. Ikkje så verst. Frå å bu i ein utkant kjem eg no so sentralt det let seg gjera. Og med ein far som var sogning og ei mor som var hordalending, kan eg endeleg sei eg er heime. Og så likar eg eigentleg å væra i sentrum. Og alt dette uten å flytta ein meter. Dette skal bli bra.

Det nye Vestlandsfylket vil også stå i sentrum i Noreg. Oppgavene som mange seier dei manglar, dei lagar vi etter kvart. Vi vert sterk nok til det.

Nynorskfylket

Vi hordalendingar kan gle oss over at  vi kjem saman med eit fylke som gjer at vi vert 56 nynorskkommunar og 3 språknøytrale kommunar i det nye fylket vårt. Ingen bokmålskommunar, så dei som er redd for nynorskens forvitring treng ikkje vera det.

Og borte var Bergensdominansen

Og dei som er redde for bergensdominansen i Hordaland treng ikkje lenger væra redde for den. Her har sogningane komme oss til hjelp. I Hordaland utgjer Bergen 54 prosent av folketalet, medan bergensarane kun utgjer 44 prosent av folket i det nye Vestlandsfylket. Her kjem det til å bli ny giv både i nominasjonsprosessar og anna vi driv på med.

Vi er det nye oljefylket

Vi blir det nye oljefylket.  Heilt klart. Nesten alle olje og gassproduksjonen kjem utanfor kyststripa til det nye Veslandsfylket. Vi kunne skilt oss ut frå Norge og vorte det rikaste landet i verda. Og vi kunne send stønad til Oslo slik at dei også kan greia seg vidare utan oss. Som ein slags takk for langt samarbeid. Vi kan for eksempel ha betala ei avgift slik at vi kan få låna kongen innimellom. For han har ikkje gjort noko gale.

Første krav bør væra å flytta Statoil sitt hovedkontor frå Stavanger til Florø. Det er den byen som vil liggja nærmast dei områda Statoil  hentar pengane sine ifrå. Då kan dei sitja på land og sjå ut mot plattformene deruti havet, Gullfaks, Statfjord, Oseberg, Visund, Snorre og alle dei andre pengemaskinene dei har, og gni seg i nevane.

No må ikkje nokon tru at eg har fått Catalonske tendensar sjølv om eg er i Spania, men eg berre nevner dette i all beskjedenheit som nokre forbedringar som kan gjerast.

Ja og så er det slik at det er vi vestlendingar som heldt liv i Europa. Frå vestlandskysten eksporterere vi store deler av den gassen Europa brukar og europearane hadde ikkje klart seg utan vestlandske energihjelp.

Vi er det nye kraftfylket

Vi blir det nye kraftfylket. Heile dei 35 Twh energi produserer vi her. Det er  25 prosent av den norske straumproduksjonen. Den treng vi ikkje senda til utlandet. Den skal komma industrien i det nye Vestlandsfylket til gode.

Og det store industrifylket

Og vi er det store industrifylket i landet. Vi har Årdalstangen, Høyanger og Husnes. Det er Hydro sine aluminiumsfabrikkar. Så har vi Bremanger og Ålvik kor Elkem sine anlegg ligg. Og i Odda har vi Boliden og Tzir. Fantastisk miljøindustri som produserer reine og viktige metall. Denne industrien treng billig straum, og derfor er det bra at vi har stor kraftproduksjon i det nye Vestlandsfylket vårt. Og så har vi all den andre industrien vår.

Og så har vi fisken

Vi har og fiskeri. Vi har dei fremste havforskarane og marinebiologane samla på Havforskningsinstituttet. Her er også hovudsete for Fiskeridirektoratet. Vi er det desidert største oppdrettsfylke i landet. Og vi er det nest største fiskerifylke basert på fiskefartøya sine heimstadar.

Pass opp, her kjem Vestlandet

Så er det dei som meiner vi har kuppa navnet Vestlandet. Til dei er det berre å sei, ta det med ro. Det er god råd til å heita Nord-Vestlandet om Møre og Romsdalen skulle ønskja seg det. Det er også plass til Sør Vestlandet om Rogaland skulle tenke på samme måten. Og sjølvsagt, dei kan frå kvar sin ende gå saman med oss. Og skulle dei koma på den tanken er det viktig at dei gjer det samstundes. For om berre ein av dei gjer det,  bur eg ikkje lenger i sentrum, og det var liksom litt av poenget.

Pass opp Oslo. Her kjem me.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *