Takketale i forbindelse med Europaformidlerprisen 2023

Heidi

Eg må sei eg vart overraska då Fredrik ringte og fortalte at eg var blitt tildelt Europaformidlerprisen for 2023. Det var ein pris eg i min villaste fantasi ikkje hadde tenk eg skulle få.  Så la meg starta med å sei: Tusen takk til Europabevegelsen for prisen. Eg er svært glad for den og eg  kjenner tildelinga som ei stor ære. Spesielt når eg ser kven andre som har fått Europaformidlerprisen  før meg.    

EU og EØS er spørsmål eg har vore svært oppteken av. Først som motstandar. Under EØS kampen i 1992-94 var det ikke måte på kor ille eg meinte det ville gå om vi blei med i EØS/EU. 

Den statlige oljepolitikken ville være umogleg å oppretthalda. Inntektsnivået til stat og kommuner heller ikke. Vi ville mista mulighetene til å tildela lisensar på sokkelen og vi ville ikke lenger kunne bestemma ilandføringsstadar for olje og gass.

Forsyningsbasane og driftsorganisasjonane ville gå ut av landet. Lisensdirektivet ville fråta oss styringsmuligheter. Innkjøpsdirektivet ville føra til at oppdrag ikkje  lenger gjekk til Norge.  Konsesjonslovane ville forsvinna, og vi ville ikke lenger kunna stilla distriktspolitiske krav i forbindelse med konsesjonstildelingar. Vi ville heller ikkje kunne bruka Equinor som eIt verkemiddel til å styre oljeverksemda. Utlendingar ville komme og ta jobbene våre,  og det ville bli umogleg å føre ein økonomisk politikk som satte kampen for full sysselsetting i høgsete.  Lønnsnivået ville komme til å bli dumpa, og vi kom til å få rekordhøg arbeidsløyse. 

Eldreomsorga ville bli dårligere og vi ville få svekka retten til utdanning Vi ville få meir markedsøkonomi og muligheitene for offentlig styring ville bli redusert. Fiskeressursene ville vi måtte la andre konkurrera om. 

Vi ville ikke få føra vår eigen miljøpolitikk. Den indre marknadens veksttankegang ville auka miljøproblemena, samstundes som frie bevegelsar over landegrensene ville gi sentralisering og dårligare vilkår for alle former for folkelig motmakt. 

Og ikke minst; oppknytinga til rikmannsklubben EU  var usolidarisk i forhold til resten av verda. 

Ingenting av dette har skjedd, og eg har for lengt sett eg og resten av EØS/EU-motstandarane var var på ville vegar.  Eg har for lengst sett kor viktig kontakten med EU er for oss. For det norske samfunnet,  for fagrørsla som eg har vore ein del av alle desse åra. 

Som mangeårig styremedlem både i den nordiske og den europeiske fagrørsla har eg registrerte kor sterkt oppslutninga om EU er blant fagorganisasjonane i Europa. Den europeiske fagbevegelsen som på norsk heiter «Den europeiske faglige samorganisasjonen» er bygd opp omkring EU. I dag har den 93 landsorganisasjonar i 41 land og 10 europeiske bransjeforbund som medlemmer. Totalt representerer Den europeiske faglige samorganisasjonen   45 millioner medlemmer. Og vær aldri i tvil; denne organisasjonen ser på EU som eit freds- solidaritetsprosjekt der vi står sammen og løfter i flokk. 

Frå norsk side er vi dessverre ikke der. Når EU eller EØS vert omtala er det som regel som eit problem. Spesielt har dette tilteke i fagrørsla. Det var irritasjonen over dette som gjorde at eg starta JA til EØS gruppa på Facebook. Irritasjonen over at vi sit på ei grein som vi er dønn avhengig av,  og sagar og sagar. 

I det norske folk står EØS avtalen støtt. Sjølv om det vert brumma i einskilde  kretsar. I 30 år har vi dag for dag innlemma på tusenvis av lovar og reglar fra EU i vårt eige regelverk. Ikke en eineste gang har vi brukt reservasjonsretten. I mitt hovud er reservasjonsretten ei erstatning for at vi ikke får være med å påvirke utforming av EU-reglane. Ei slags reserveløysing for mangelen på muligheten for demokratiske påvirkning. Men når vi etter 30 år ikke har brukt den ein einste gang viser det kor tullete dette er. Då må det væra betre å få bytta den bort med fullt medlemskap og direkte påvirkning på sakene og slik bli en reell  del av det store europeiske felleskapet. 

Den tid kjem nok, men kor tid veit ingen. Og nok ein gang. Tusen takk for Europaformidlerprisen 2023.