Samhandlingsskulen i Noreg gir auka evne til norsk teknologiutvikling, verdiskaping, sysselsetting og fordeling.
Endringstakta i samfunnet går raskt, og kvardagen for folk er i endring. Endringsmotstand er naturleg, men det å halda fast på det gamle, kan og føra til at tida og endringane gjør produkta våre mindre relevante eller mindre konkurransedyktige. Ei slik utvikling kan føra til at norske næringslivsverksemder vert mindre konkurransekraftig; i verste fall fell vekk. Med den følgje at norske industriarbeidsplassar forsvinn og den industrielle kompetansen forsvinn.
Endringane kjem
No er eg blant dei som trur ei utvikling der ny teknologi nyttas – og der kunnskap vert ennå viktigare; er ei utvikling som vil kunna styrka næringslivet i heile landet vårt. Ikkje minst dei næringane som byggjer på naturresursane våre. Kunnskap og verdiskaping knytt til naturressursar som olje, gass, mineraler, fisk, skog og vasskraft er allereie høg, men må utviklas vidare. Ny teknologi kan gi oss betre utnytting av ressursar, meir natur – og klimavennlig framstilling av varer, betre tilgjenge til tenester, høgare kvalitet på både varer og teneste, lågare kostnader og auka sikkerhet – for å nemna noko.
Samhandlingsskulen – eit komparativt fortrinn for næringslivet
Det likevel eit forhold eg vil dvela litt ved, og som eg trur er kanskje vel så viktig for at vi skal lukkas. Fordi ny teknologi berre er mogleg – dersom ein har folk som i samarbeid evnar å handtera stadig meir komplekse maskiner og metodar. Samhandlingsevna er minst like viktig som tilgangen på naturressursar.
Eg vil difor gå så langt som å kalla det forholdet eg vil trekkja fram her – for ikkje noko mindre enn eit komparativt fortrinn. Eit komparativt fortrinn som ikkje berre gir auka produktivitet og utviklingsevne i næringslivet, men som løfter heile det norske arbeidslivet!
(Komparative fortrinn kan beskrivas som evna til eit bestemt land for å produsere eit bestemt produkt betre enn eit anna land.)
Forholdet eg snakkar om er sjølve grunnprinsippa i den norske grunnskulen.
Det at vi går på dei same skulane uavhengig av tjukkelsen på lommeboka til foreldra, kjønn, hudfarge eller andre ulikskapar: Det gjør at vi heilt frå 6 års alderen vert trena på samhandling og på å respektera kvarandre og det kvar og ein av oss bringer inn i fellesskapet.
Vi vert alle trena til samhandling i ti år
Vi vert trena i ti år på detta – gjennom heile grunnskulen. Mange vert trena på samhandling i ennå fleire år – gjennom vidaregåande skule og høgare studiar.
Det er faktisk få ting norske kvinner og menn vert trena så mykje på som nettopp det – samhandling med andre menneske i aktivitet og oppgåveløysingar.
Det vi trenar mykje på, vert vi også gode på!
Og når norske arbeidstakarar kjem saman på arbeidsplassen etter avslutta utdanning, så samhandlar vi “vilt og uhemma” – på kryss og tvers av utdanning, profesjon, kjønn, alder eller andre ulikskapar. Vi tørr å seia frå til kvarandre uavhengig av titlar og formelle strukturar.
Dette påverkar også forståing av at verdien på arbeidet må verdsettas på ein rettferdig måte – og at lønsskilnadane ikkje skal vera veldig store.
Også evna til fordeling tel
I andre land, der innbyggjarane ikkje er lika godt trena på samhandling – fordi borna til dei rike har gått på privatskular, medan borna til dei med mindre å rutta med har gått på offentlege skular. Eller der jentene har gått i jenteklassar, medan gutane har gått i guteklassar. Kort sagt der innbyggjarane vert trena på at ulikskapar skiljar – og at alle ikkje har lika stor verdi: Der skil også lønsnivået seg mykje.
Vi kan lesa om leiarløningar som er ufatteleg mykje høgare enn kva vi er vand med i Noreg. Og vi kan lesa om minsteløner som opprørar oss – og som vi skjønar ikkje vil halda for å holda eit hushald gåande sjølv i land med langt lågare kostnader.’
Samhandlingsskulen enno viktigare framover
Evne til samhandling gir oss auka evne til å skapa både verdiar og sysselsetting basert på nye teknologiar, nye metodar og ny kunnskap. I ei tid med stadige endringar vert evne til samhandling enno viktigare.
Eg trur vi i alt for liten grad er oss bevisst kor viktig fellesskulen i Noreg er.
Heldigvis har det vore stort fleirtal i stortinget for å halda på denne måten å organisera skuleverket på – og for å trena borna – og ungdomen på samhandling. Men hugs; at privatisering og oppsplitting av skulen kan frata oss noko av det viktigaste vi kan byggja vår framtid på; nemleg evne til samhandling uavhengig av kor velståande ein er – eller andre ulikhetar mellom dei som til saman utgjer menneska i ei verksemd.