Personvern og informasjonskapslar

Personvern og informasjonskapslar

Informasjonskapslar (cookies) er små tekstfiler som vert lagra i nettlesaren din når du brukar ei nettside. På leifsande.no vert dei nytta til å handtera innlogging og måling av aktiviteten på sida. Besøk nettvett.no for meir informasjon, og oppskrifter for korleis ein kan administrera informasjonskapslar.

Google Analytics

Nettsida nyttar Google Analytics. Det er eit verktøy for måling av trafikk levert av Google, Inc (”Google”). Google Analytics vil oppretta informasjonskapslar for å registrera brukarmønsteret for kvar einskild brukar, og informasjonen vert lagra på selskapet sine servera i USA. IP vert delt med verktøyet, men vert anonymisert med metoden anonymizeIP, slik at GA kan rekna ut geografisk plassering, men data kan ikkje nyttast for å identifisere den einskilde brukaren. Sjå Google sine retningslinjer for personvern.

Disqus

Kommentarsystemet Disqus er lagt inn for å la brukarar legga igjen kommentarar. Det nyttar informasjonskapslar for å handtera innlogging, og registrerar e-postadresser og IP for brukarar som kommenterar. Informasjonen vert lagra både i denne nettløysinga og på Disqus sine serverar i USA. Sjå Disqus sine retningslinjer for personvern.

IP og e-postadresse vert nytta for å administrera kommentarar og brukarar. Kommentarar som vert vurdert upassande vert sletta, og brukar kan verta blokkert.

Nyheitsbrev

E-postadressene som vert registrert via leifsande.no vert kun nytta til å senda ut aktuell informasjon frå Leif Sande, og leifsande.no. Dei vil ikkje verta nytta til andre føremål. Ein kan kortid som helst melde seg av nyheitsbrevet. Ein nyttar då lenkja nede i kvart brev.

Oppretting av nyheitsbrev vert gjort i denne nettløysinga med hjelp av MailPoet. Sending av e-post frå nettsida vert gjort via Mailgun. Begge vertøya registrerar om nyheitsbrevet vert lest, og i nettsida vert det registrert kva lenkjer ein trykker på. Dette kan sporast attende til kvar einskild e-postadresse, men det vil ikkje verta delt med nokon.

Sosiale nettverk

Det er lenkjer til fleire sosiale nettverk frå denne nettsida, og det er mogleg å dela innhald til desse, direkte frå nettsida. For dei gjeld eigne retningslinjer for personvern.

Facebook

Nettsida nyttar Facebook-pikslar. Dette er små ikkje synlege bilete som vert henta hjå Facebook, for at Facebook kan registrera besøket her på sida. Besøket vert òg registrert i informasjonskapslar frå Facebook, og om du er logga inn hjå Facebook vil besøk verta knytt til kontoen din. For alle andre enn Facebook er identiteten din anonym. Når besøk er registrert på kontoen kan informasjonen nyttast til å nå deg med annonsar på Facebook.